Archive for August, 2008


Bilete frå kanotur

Tuesday, 26.08.2008

Laurdag spyla vi vekk støv og rusk frå kanoen, laga pinnebrød-deig og pakka pølser, kaffe og kaffikjel i piknik-korga. Hadde ein kjempefin tur, igjen.

Kanoen under stabburet, full av støv og rusk

Padla over til ein holme

Pinnebrød og pølser, knallsuksess!!

Endå meir stas vart det då eg tok fram endå ein pose med pinnebrød-deig. Denne deiga hadde eg sukker i, og det skulle bli kaffimat. Snurra på pinnebrøda, dyppa dei i ein pose med kanel og sukker, og steikte dei. Det smakte fortreffeleg!


Bilete frå fisketur

Tuesday, 26.08.2008

Torsdag vende eg nasen heimover. Var med aMhA til fredag, og reiste heim-heim fredags morgon. Drog med meg mamma, pappa og lillebror på tur kvar dag. Eg storkosa meg, og det trur eg dei gjorde og. Fredag pakka vi fiskeutstyr, mat og stormkjøkken.

Suppe med pølse, kokt på stormkjøkken, akkurat som i "gamledagar"

Berggylt, min einaste fisk denne dagen

Utsikta frå berga vi fiska frå

Vakker solnedgang


Veske

Sunday, 17.08.2008

I juni kjøpte eg meg symaskin. Eg har ikkje hatt ei symaskin framføre meg sidan barneskulen, og det er nokre år sidan. Det har vorte mykje jobbing i sommar, og vidunderet har stått meir i eit skap enn framme på bordet. No i helga hadde eg besøk av aMhA. Ho hadde med seg si maskin, og vi gjorde om leilegheita mi til systove for ein kveld.

Kvelden gjekk fort! Eg tenkte, funderte, tegna, målte, sydde, tenkte og funderte igjen, sydde feil og spretta oppatt en saum eller tre. Eg banna, reiv meg i håret, heldt på å eksplodere, og eg trua med å drepe. Det heile endte i eit stort glis. Eg var så stolt over det eg har fått til!

I går kveld gjorde eg meg ferdig, og her er resultatet. Ei flott veske som eg gler meg til å ta i bruk!

Veska er fòra og har lomme på innsida

Detaljar…

Eg er så stolt!