Archive for August, 2008


Mobilsommar

Sunday, 31.08.2008

Har ført over alle bileta frå mobilen til Mac`en, og no er det på tide å poste dårlege bilete frå sommaren min.

Las til eksamen i parken

Bestemde meg for å reise heim, sat på flyet nokre timar seinare

Eg har blitt avhengig kaffi, moccakaffi :)

Så byrja "ferien" med stort sett kun jobbing…

Rydda frysa *stolt*

Det var varm, så eg åt lunsj på kjøla

Sjokkerande nyhende :p

Kjekke karar forstyrra arbeidet

Har hatt minst eitt kutt på kvar finger i løpet av sommaren

Hjalp aMhA og pakke. Vi kombinerte det med alkohol :D

Så spanderte pappaen hennar middag i Tyholt-tårnet

Nemnde eg moccakaffiavhengigheita mi?

Verdens beste potetgull! Enn at det er å få kjøpt her til lands!!!

I sommar har eg lært at pomodoro betyr tomat på italiensk

Eg har smugkika i søte barnebøker…

…og ikkje fullt så søte :p

Og til slutt fann eg jammen att matlysta mi :)

Hurraheioghopp, så er sommaren over for i år. Den har ikkje vore så ille som forventa. Eg har blitt betre kjend meg meg sjølv, både på godt og vondt. Eg har fått nye menneske inn i livet mitt, og eg har vorte flinkare til å ta vare på dei eg er glad i. Eg har jobba livet av meg, og kjøpt meg symaskin til 7000, nesten uten dårleg samvit. Eg har kjøpt meg ein nydelig sommarkjole som eg enda ikkje har brukt. Kvar vart sommaren av?

Tilbake til studielivet med lite pengar, mykje dårleg samvit og forhåpentligvis ein del vikarjobbing. Gler meg til hausten og til at alle fotomotiva kjem fram…


Sære ting på Ultra…

Friday, 29.08.2008

Det er alltid spanande å rusle att og fram mellom hyllene på Ultra. Oppdagar alltid noko nytt og sært. I dag hadde eg med meg kameraet (og ja, eg drit i om folk kikar rart på meg :p )

Franske sniglar

Ferdigkokte egg (Why??)

Peanøttsmør med druegelè

Peanøttsmør med jordbærgele

Center med pæresmak (igjen, why??)

Denne var litt søt da, draume-sjokolade frå Island :)


Fjernkontroll

Thursday, 28.08.2008

Fekk meg ny fjernkontroll for ei vekes tid sidan. Eg diggar den :D Klarar fortsatt å oversjå den når eg leitar etter fjernkontrollen, for den ser ut som ein mobiltelefon :p

Fin, ja?