Eg har lillebror på besøk, og det blir ikkje mykje tid til å sete her og halde på med bilete. I går var vi i byen heile dagen. Vi var først i Pirbadet, så åt vi lunsj på Bambus. Vi åt chop suey og sprøsteikt svinefilet med sursøt saus. Neste gong blir det nok Lille Saigon, maten der er mykje betre!

I dag har vi vore i byen, igjen, men ikkje like lengje. Vi har vore ute også :) Sat ute på platten og spelte spel og kosa oss med is. Etter det har det nesten berre vore baking og eting. Vi har laga ein stor pizza, kanelsnurrar og vaniljebollar, og tzatziki som vi skal kose oss med i morgon.


Sjå! Frøa mine spirar skikkeleg no. I den blå krukka er det grasløk og i den lille svarte er det chili-planter. Det har kome opp to chili-spirar dei to siste dagane :)



























