Archive for March, 2008


Sykkelvask og asparges biter

Monday, 31.03.2008

I dag har eg henta fram sykkelen, og den har fått vask og overhaling. Skal fylle luft i dekka og fikse bremsene også, så er den klar for ein ny sesong. I fjor sykla eg ca. 60 mil, og i år må eg nesten sykle endå meir!

Etter sykkelvask var fingrane både skitne og kalde

Pass deg! Aspargesen bit!

Frå farne tider

Sunday, 30.03.2008

I mangel på bileter frå dagen, har eg leita fram nokre frå då eg var mindre.

Slokna visst i BarneTV-stolen

Eg har lagt dukker og bamse i senga attmed meg

Første skuledag med rosa dress :)


Rucola

Saturday, 29.03.2008

Det ser ikkje bra ut det her. Kanskje på tide å gi opp, og heller starte på nytt? Kanskje prøve å dyrke dei i bomull, til trass for at eg vart fråråda å gjere det?

Rucola-frø, dag 4

I går åt vi middag på Lille Saigon. Anbefalar denne restauranten på det varmaste. Maten er fantastisk, prisane overkomelege og betjeninga får toppkarakter!

I dag åt vi lunsj på Graffi. Vi åt kvar sin Jackburger med soppstuing og bernaisesaus. Det er allereie avgjort at vi skal tilbake hit og prøve ut fleire rettar.