I dag har eg vore på Holstvollen igjen. Ressurs og miljø-gruppa i naturfagen arrangerte natursti for ein bøling med 4.klassingar :) Det var kjempetriveleg! Heile 89 elevar var der attmed oss. Etter sist vi var der planla vi ulike postar som alle skull gjennom i løpet av dagen. Mi gruppe hadde om dyrespor (Tråkk, ligg, avføring ol.) Vi laga til ein halvsirkel med stubbar som elevane skulle få sete på, snakka om hjort, elg og rådyr og laga lokkelydane/brølinga til dei samme dyra. Veit ikkje heilt kor likt det vart dyra sine brølingar men vi hadde det artig – og ikkje minst så likte ungane det!
Herlig å sjå kor ungane leikar seg ute!
Det har vore ein flott dag. Vi var maks heldige med veret, ungane var supre og opplegget vårt vart vellykka.
…og alle var einige om at det hadde vore ein gild tur…