Laurdag 12. august
Vi reiste heimanfrå 08.15. Skulle rekke ferge 08.40, og planla å vere på Vigra i god tid. Vi kom oss på flyet og tok av til planlagt tid. Ha forberedt oss på 4,5 tima flyreise, men etter take-off fekk vi opplyst at det kun tok 3 tima og 10 min :) Digg!

I halv-5 var vi framme på hotellet. Heilt greit hotell med heilt ok standard. Minikjøkken og eige toalett og dusj – eg var forberedt på det verste, og hadde sett for meg både at vi kunne ende opp med å måtte bo på bøttekott og dele toalett og dusj med mange andre.
Då vi kom ut frå flyplassen var det strålande sol og varmt, men då vi kom til hotellet var det overskya. Men, varmt var det i alle fall, så vi fikk på oss litt lettere kle, og gjekk ut for å finne oss en plass å ete mat. Endte opp på "Don Chon", en kinesisk restaurant som låg i handlegata rett attmed hotellet. Bestilte oss chop suey og steikt ris med grønsaker. Det var vanvitti godt!
Etter maten kika oss litt i butikka, før det var på tide å kome seg i seng.
Søndag 13. August
Eg sto opp i halv 10-tia, medan lillebror søv litt lenger. Det var overskya og ganske bra med vind. Men, for ein sunnmøring som bor i Trondheim er ikkje det noko problem. Har ein bestemt seg for å gå på stranda, så går ein på stranda…uansett vèr og vind :p
Vi kom oss avgårde, kjøpte oss nysteikt bagette på vei til stranda, og åt frokosten på kvar si luftmadrass. Koseleg!
Sola kom etterkvart også, heldigvis – for vinden var ganske kald. Var på stranda et par-tre timar før vi tusla tilbake til hotellet. Bada litt i bassenget, og fikk tatt nokre bilde før vi gjorde oss klare til å gå ut og ete :)

Vi åt på same restauranten igjen, for maten var så vanvitti god :) Så gjekk vi og kika litt i butikka, og gjekk strandvegen tilbake til hotellet. Det er koselegare på stranda når det ikkje er så mykje folk der ja!



Ein liten gut som liksom sku ver død og begravd. Søstra (det såg vertfall slik ut) heldt på å ordne fint til grava hans. Spurde, på engelsk, om eg kunne få ta bilde av han…. han forstod nok ikkje kva eg sa, men eg tok bilde eg :) Skjønn var han!
Mandag 14. August
Kom meg opp klokka 9, fikk snakka me Apollo om hotellstyr, og klokka 11 kom vi oss avgårde på sykkeltur.
Vi kjøpte oss kart, drikke, fersk bagett og kvar sin enorme fersken og sykla avgårde mot gamlebyen. Brukte lang tid, og tok masse bilde på vegen.


Vi var heime frå sykkelturen i 5-tia. Vi sykla feil, grunna feilnavigering :p Sykla MINST ein time feil veg… og tilbake igjen til hotellet. Er ikkje meir å seie om den saka. Vi vart sletne av den lange turen, men flira masse og ha det kjempekjekt…så det var verdt det!
Seinare på kvelden var vi og vart teikna av karikaturteiknar.. moro!! Syntes ikkje bildet av meg sjølv vart så veldi likt eigentli. Fekk både større rumpe og puppar enn eg har :p
Erlend sitt vart likare. Han fikk til og med velje kva han ville ha i tillegg til hovudet. Så, eg viste teiknaren bilde av en Golf, og den fikk han jammen til å teikne :)

Vart til at vi åt på Indisk restaurant denne dagen. Erlend bestilde sej Chicken Madras, som var litt for sterk, så eg måtte ete opp :) Eg bestilde meg Chicken Masala – yumyum!
Tirsdag 15. August
Nok en dag vr det overskya då vi vakna. Det var heilt greitt eigentleg, for vi skulle sjekke ut av hotellet og inn på eit anna. Sjekka ut klokka 10, tok taxi til det nye, men fikk ikkje sjekka inn der før etter eit par timar. Etter vi fekk rommet, gjorde vi ikkje stort anna enn å legge frå oss bagasjen før vi gjekk til stranda. Sola hadde dukka fram mendan vi venta…
Sola oss litt, men det varte ikkje så lenge.. skyene kom, nok ein gong!

Åt på ein ny kinesisk restaurant. Buffet, der vi betalte 10 euro pr. pers og då kunne vi ete alt vi orka av mat og dessert. Smakte på masse mat som eg alltid har hatt lyst til å smake, men som ikkje var noko særleg god. Åt masse ris og masse nudlar som var kjempegode… og så mykje dessert at eg ikkje hadde klart å fått ned ein bit meir. Åt melon, fersken, ananas, ei frukt som eg ikkje anar kva heiter, is, gele…. NAM!
Onsdag 16. August
Var strålande sol når vi vokna, så vi fikk på oss badekle og gjekk til stranda med ein gong. Åt frokost på kvar si luftmadrass igjen. Slappa av, søv, irriterte oss over jarpete svenska og danska, og flira av dei som gjekk rundt med trillebår og selde frukt "Melonas, coconut, banana, ananas, tuttifrutti", "The natural viagra, hoho"
Vart litt lei til slutt også….
Kjøpte oss ein kvart ananas som smakte nydeleg! søt og god, og den var IKKJE frakta langt før vi fikk den i hendene.
Gjorde ikkje så mykje meir denne dagen. Åt, kika i butikkar og kjøpte unyttige ting :) Erlend testa kor hardt han klarte å slå med slegge/klubbe…

Torsdag 17. August
Var overskya heile dagen…. vi bestemde oss for å fare på båttur i staden for å vente på at sola skulle kome fram.
Gjekk langs stranda, og sat eit par timar på ei brygge der vi åt frokost og kasta brød til fiskane før båten skulle gå.


Ein stakkars bamse hadde blitt skylt opp på stranda….
Så kom båten, som hadde vindauge under vatn så vi kunne sjå kva som var nedi der. Vi vart skuffa… hadde forventa oss masse å sjå. Korallrev, fiskar og rare skapningar… men det einaste vi såg va eit par småfiskar og brennmanetar… ellers vatn, sand og stein! Vart sløve og trøtte av heile turen, men fikk i det minste sett litt natur og tatt litt bilde…




Fredag 18. August
Var knallblå himmel då eg vakna, men etter at eg hadde søve litt til var det mørke skyer på himmelen.
Vi bestemde oss for å gå til stranda sjølv om sola ikkje skein. Gjekk inn i nokre smågater og litt langs en innsjø før vi gjekktil stranda.

Då vi kom til stranda letta det litt opp, og sola kom fram. Vi låg der til klokka var 17. Då såg vi opp på himmelen og lurte på om det var dommedag som var på veg…

Fann ut det det var best å ta handdukane i sekken og tusle heim før regnet kom. Erlend fikk køyre gocart før oss gjekk til hotellet..

Såg eigentleg ganske kult ut! Var såpeglatt på bana og det gjekk rundt nokre gongar! Eg stod og prata med han eine briten som dreiv anlegget, og han sa at han såg på køyringa til folk kvar dei kom frå. Erlend var visst dyktig :) Triveli fyr, så hadde fått så godt inntrykk av nordmenn at når sesongen var over der nede så skulle han ein tur til Norge :)
Så kom vi oss tilbake til hotellet, og då tok det ikkje lange tida før det PØSA ned…

Det letna til slutt, så vi kom oss ut så vi fikk ete mat og brukt opp resten av pengane våre.
Erlend søv nokre timar den natta, medan eg var våken så vi skulle kome oss på bussen til flyplassen. Holdt meg våken med å høyre på musikk, legge ein kabal som eg VEIT ikkje går opp, og sende meldingar.
Klokka 03.00 sjekka vi ut av hotellet, 03.45 kom bussen, og flyet gjekk klokka 06.30. Landa på Vigra klokka 10. Eg fekk sendt Erlend på flybussen inn att til bygda, medan eg var med Anna til flyet til Trondheim skulle gå klokka 16.00.

Det var ein kjekk flytur oppatt! Piloten måtte ha vore lokalkjend, for han sa kvar vi var heile vegen. Tok til og med ein ekstra svipp over Trondheim, berre fordi det var fint ver og fordi det var så mange turistar ombord:)

Turen gjekk kjemperaskt! "Då er vi over Molde, Kristiansund, Hitra og Frøya, der ser dokke Smøla og vindmølleparken.. Og der er Ørlandet og Brekstad, der det gule er" :) Så var vi plutseleg framme….





















