Ekskursjon

I dag har eg vore på ekskursjon til Skivevollen. Eit flott område med både ferskvatn med fiskemoglegheiter, myrterreng, bar- og lauvskog. Gruppa mi fekk "Sopp" som arbeidsområde, og vi skulle då leite etter ulike typar sopp, artsbestemme dei, og sei litt om korleis soppar tilpassar seg miljøet dei lev i.

Vi gjekk der i skogen og fann vanvittig mange ulike artar. Fekk tatt masse bilde, slik at vi kan ha dei i objektsamlinga vår. Men, det verste arbeidet står att. Sidan vi fann så mykje, og sidan det var andre ting å gjere også, så fekk ikkje vi tid til å artsbestemme alle… det må vi no gjere ut frå bilda…

Fann eit par froskar på turen også, og ei diger maurtue – legge ut bilde :)

Maurtua, og nærbilde av ein maur. (Zooma inn på dataen)

Til slutt, ein liten edderkopp

Legg igjen ein kommentar