
I dag har eg mista ein turkamerat, ein trufast ven og ei glede i kvardagen. Det har alltid vore godt å kome heimatt til Bonzo. Enten eg var vekk to minutt eller to månader – han viste like stor glede uansett. Han logra med halen, kom på plassen sin, henta bamsen, hoppa og gliste.
Etter å ha vore sjuk ei stund, og etter eit par besøk med dyrlegen, vart det klart at han nesten 100% sikkert hadde leverkreft. I dag fekk han sleppe å lide meir. Han sovna stille inn i ettermiddag, med hovudet i fange til mamma.






































