Archive for June, 2006


Hellesylt 10. juni

Thursday, 15.06.2006

Laurdag 10. Juni var eg, mamma og lillebror på Hellesylt for å feire gebursdagen til Besten. Tenk, han vart heile 93 år gamal. Dagen vart feira på aldersheimen, med kake og kaffi.
Eg og lillebror gjekk oss ein tur for å ta litt bilete medan dei andre gjestane skravla :p

Den nydelege Hellesyltfossen! Trur det må vere ein av dei mest fotograferte fossane i Noreg.

Det var også markering av at Hellesylt vart innskriven på UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv denne helga. Verdensarv.com

I høve denne markeringa, var komikaren Terje Sporsem innleigd for å underhalde både lokale og tilreisande gjestar. Humoren hans var ikkje heilt passande….

Det gamle badeanlegget, brannstasjonen og den lokale verkstaden. Badeanlegget vert fortsatt brukt :)

Og til slutt….

…plakaten på veggen utanfor coop`en…. :)